• Info
  • Galleri
  • Tagger
  • Kalender
  • Strikk og lytt med Therese Tungen

    Hjem  /  Arkiv  /  Denne siden
       tirsdag, februar 6th, 2018
       7:00 pm

Strikk og lytt med Therese Tungen

Hjem  /  Arkiv  /  Denne siden

Strikk og lytt: Therese Tungen les noveller.
Ope for alle strikkeglade og for dei som berre vil lytte.

Novellesamlinga ‘Ein gong var dei ulvar‘ var ein av fjorårets sterkaste debuter, og Therese Tungen blir karakterisert som både stilsikker og moderne. I Morgenbladet si melding av boka blei ho nemnt saman med Edgar Allan Poe og Anton Tsjekhov.

Therese Tungen kjem opprinneleg frå Kvam i Gudbrandsdalen, jobbar som forlagsredaktør i Samlaget, og har tidlegare vore litteraturmeldar for Klassekampen og Morgenbladet. Nyleg fekk ho Aschehougs debutantpris, og ho er nominert til Ungdommens Kritikerpris 2017.

Det er ei stor glede å få ønske henne velkommen til Litteraturhus Lillehammer!

ARRANGERT AV LITTERATURHUS LILLEHAMMER, I SAMARBEID MED LILLEHAMMER MÅLLAG

Tirsdag 6. februar kl. 19.00

GRATIS INNGANG 

Se også Facebook-event.