• Info
  • Tagger
  • Kalender
  • Lesber, litteratur og landsmål – Kristin Fridtun snakkar om lidenskapane sine

    Hjem  /  Arrangement  /  Denne siden
       tirsdag, desember 4th, 2018
       7:00 pm

Lesber, litteratur og landsmål – Kristin Fridtun snakkar om lidenskapane sine

Hjem  /  Arrangement  /  Denne siden

Strikk & lytt spesial: «Lesber, litteratur og landsmål – Kristin Fridtun snakkar om lidenskapane sine».

Møt Kristin Fridtun i samtale med Magnhild Bruheim om målsak og homosak, med utgangspunkt i utgjevinga Homoflokar (2018).

Homoflokar er ein del av den nye serien Norsk røyndom der Samlaget inviterer utvalde forfattarar til å skrive om den norske samtida, i samband med 150-årsjubileet til forlaget. Med utgangspunkt i si eiga historie som homo og transperson granskar Kristin Fridtun den norske homotoleransen i si bok. Samstundes som levekåra for skeive er blitt betre, har nye flokar dukka opp.

 

Kristin Fridtun er forfattar og språkvitar frå Elverum, no busett på Lillehammer. Ho er glødande nynorskbrukar, sjølv om ho brukte bokmål i heile oppveksten. Ho har fast språkspalte i vekeavisa Dag & tid, og har gitt ut fleire bøker: Kjønn og ukjønn (2015), Nynorsk for dumskallar (2013) og Norsk etymologisk oppkok (2012).

Magnhild Bruheim er journalist og forfattar frå Skjåk, busett på Lillehammer. Ho har skrive i alt 16 bøker, seks av dei er krimbøker, seks er spenningsbøker for ungdom. I tillegg har ho mellom anna gitt ut ein historisk roman, Trolldomskraft og ein oppvekstroman, Det som ein gong var.

 

Strikk & lytt er eit samarbeid mellom Lillehammer Mållag, Lillehammer bibliotek og Litteraturhus Lillehammer. Arrangementa, som oftast finn stad første tysdag i månaden, er opne for alle, anten ein strikkar eller ei.

Inngong: 100 kr

Studentar halv pris. Frivillige for Norsk Litteraturfestival og Litteraturhus Lillehammer kjem gratis inn, det same gjer studentar ved Nansenskolen. Hugs bevis.