• Info
  • Galleri
  • Tagger
  • Kalender
  • Strikk & lytt spesial: Kjærleik og det som liknar

    Hjem  /  Arrangement  /  Denne siden
       torsdag, desember 5th, 2019
       7:00 pm

Strikk & lytt spesial: Kjærleik og det som liknar

Hjem  /  Arrangement  /  Denne siden

Therese Tungen: Kjærleik og det som liknar

Vel møtt til Strikk og lytt spesial: Therese Tungen les frå Kjærleik og det som liknar.

Etter at julegata i byen er offisielt opna, inviterer vi inn til ei hyggeleg lesestund på Litteraturhus Lillehammer.

Therese Tungen kom i haust med boka Kjærleik og det som liknar. Her utforskar ho eldgamle tema som fornuft og kjensler, tid og lagnad. Samtidig framstår historiene som høgaktuelle i ei tid der premissa for kurtise og samliv er i endring.

Therese Tungen debuterte med novellesamlinga ‘Ein gong var dei ulvar‘ som blei karakterisert som både stilsikker og moderne. I Morgenbladet si melding av boka blei ho nemnt saman med Edgar Allan Poe og Anton Tsjekhov.

Therese Tungen kjem opprinneleg frå Kvam i Gudbrandsdalen, jobbar som forlagsredaktør i Samlaget, og har tidlegare vore litteraturmeldar for Klassekampen og Morgenbladet. For fyrsteboka fekk ho Aschehougs debutantpris, og ho var nominert til Ungdommens Kritikerpris 2017.

Det er ei stor glede å få ønske henne velkommen til Litteraturhus Lillehammer!

Ope for alle strikkeglade og for dei som berre vil lytte. 

Sjå Facebook-oppslag og del gjerne ordet!

ARRANGERT AV LITTERATURHUS LILLEHAMMER, I SAMARBEID MED LILLEHAMMER MÅLLAG

Torsdag 5. desember kl. 19.00

GRATIS INNGANG