• Info
  • Galleri
  • Tagger
  • Kalender

Lørdagstimen for barn: Viss eg hadde hale

Hjem  /  Arrangement  /  Denne siden

Velkommen til lørdagstimen for barn med Mats Eldøen og Sindre Goksøyr!

Sjå for deg at du vaknar ein dag og har vengar i staden for armar, eller at du plutseleg kan skifte farge og gå i eitt med omgivnadene, som ein kameleon.

I boka Viss eg hadde hale leikar forfattar Mats Eldøen og illustratør Sindre Goksøyr med tanken om korleis verda hadde vore om vi hadde hatt litt meir av dyra sine eigenskapar.

Gjennom absurde og morosame teikningar og fantasifulle tankespinn opnar dei for at barn og vaksne kan fabulere saman. I tillegg fortel dei oss kvifor dyra faktisk er som dei er.

Velkommen til ei bokstund der ein ikkje berre skal sitje stille og høyre på, men også må opp og stå. Korleis er det eigentleg å ha åtte bein, slik som edderkoppen, eller øyre som ein elefant. Og veit du kva elefanten eigentleg bruker øyra sine til?

Passar for barn frå 3-7 år.

Arrangører: Lillehammer bibliotek og Litteraturhus Lillehammer

 

Foto: Jan Alsaker

Tekst: Det norske Samlaget