• Info
  • Galleri
  • Tagger
  • Kalender

Direktestrøyming av Bienes historie

Hjem  /  Arrangement  /  Denne siden

Direktestrøyming av Bienes historie

 

I samarbeid med Bjørnsonakademiet inviterer vi til gratis strøyming av Det Norske Teatret og Nasjonalballetten si framsyning av Bienes historie her på Litteraturhus Lillehammer onsdag 7. oktober!

STRØYMINGA STARTAR KL. 19.00 med samtale med Maja Lunde – vinnar av Bjørnsonprisen 2020.

Sjølve framsyninga startar kl. 20.00, og varar i 2 t 30 min.

*

Leseriet kafé held opent første del av kvelden.

Gratis inngang, men av smittevernomsyn må billetter må hentast ut via GD Billett.

Sjå også Facebook-oppslag, og del gjerne ordet!

*

Det Norske Teatret i samarbeid med Nasjonalballetten gjer eit kjempeløft når Bienes historie blir musikal på Hovudscenen til Det Norske Teatret. Over 70 personar er i sving på og bak scenen, og for første gong inviterer Det Norske Teatret til den mest tilgjengelege urpremieren i norsk teaterhistorie. 

BIENES HISTORIE
etter Maja Lundes roman.
Dramatisert av Ingrid Weme Nilsen, songtekstar av Ola E. Bø og med musikk av Nils Bech
I samarbeid med Nasjonalballetten

*

At liten tue veltar stort lass er tema i Maja Lundes internasjonale bestseljar-roman. Dette fekk produksjonen smerteleg erfare gjennom førebuingane til haustens store musikalsatsing. Vi menneske påverkar den sårbare naturen, men er like sårbare overfor følgane av korleis vi behandlar den.

Direkte-strøyming

Som konsekvens av omstenda strøymer Det Norske Teatret premieren og fire andre framsyningar i haust. – Det blir ein femkameraproduksjon der publikum vil kunne oppleve noko av kjensla frå teatersalen – heime i si eiga stove, seier teatersjef og regissør Erik Ulfsby. Det er første gongen ei teaterframsyning som ikkje er produsert for kamera blir direkteoverført på denne måten i Noreg, og det gir moglegheiter for å sjå framsyninga sjølv om du bur langt unna hovudstaden. Publikum vil også få med seg ein samtale med forfattaren Maja Lunde før framsyninga tek til.

Roman som musikal

Maja Lundes prisvinnande roman tok verda med storm da den kom ut i 2015, er selt til over 50 land og er omsett til 36 ulike språk. Når boka no blir musikal, er det i Ingrid Weme Nilsens dramatisering og med songtekstar av Ola E. Bø. Musikken er ved Nils Bech, orkesteret blir leia av Svenn Erik Kristoffersen. Cina Espejord frå Den Norske Opera & Ballett har koreografien, og teatersjef Erik Ulfsby står for regien.

Menneska og naturens sårbarheit

Bienes historie følger vi tre parallelle historier som alle er tett knytte til bienes liv. Biologen William (Morten Svartveit) lever på 1800-talet og set seg føre å lage ein heilt ny type bikube. Birøktaren George (Pål Christian Eggen) lever i USA på 2000-talet og opplever den store og uforklarlege biedøden. Tao (Mona Huang) arbeidar som frukttre-pollinerar under slaveliknande forhold i Kina i år 2098. Når sonen plutseleg blir tatt ifrå henne, dreg ho ut på ei farefull reise for å finne ut kva som har hendt han.

Les meir om framsyninga Bienes historie .

*

Arrangør: Bjørnstjerne Bjørnson-akademiet i samarbeid med Litteraturhus Lillehammer.