• Info
  • Galleri
  • Tagger
  • Kalender
  • Lagånd! Møte med Marit Eikemo

    Hjem  /  Arrangement  /  Denne siden
       onsdag, november 10th, 2021
       7:00 pm

Lagånd! Møte med Marit Eikemo

Hjem  /  Arrangement  /  Denne siden

Lagånd!

Møte med Marit Eikemo

Marit Eikemo er ute med flunkande ny roman: Team Tuva. Her får vi forteljinga om Tuva, slik vi ser henne gjennom fastlegen, psykologen, advokaten, den personlege trenaren, tannlegen, snikkaren og bankrådgivaren. I kraft av yrkene sine har dei alle innblikk i livet hennar, men dei har også sine egne forteljinger og livssituasjonar, draumer og utfordringar.

Team Tuva er ein roman om å møte og å sjå kvarandre, om korleis vi aldri kan få eit fullstendig bilde av andre sine liv – men den handlar også om korleis vi på overraskande måtar verkar inn på livet til kvarandre, og at det kanskje dei mest uventa personane som ser oss tydelegast når kriser rammar.

Møt Marit Eikemo i samtale med bibliotekar og litteraturhuskoordinator Cathrine Strøm onsdag 10. november kl. 19.00. 

*

Marit Eikemo er frå Odda, bur i Bergen og pendlar til Lillehammer. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør, leiar for Cornerteatret i Bergen og er i dag programsjef for Norsk Litteraturfestival her på Lillehammer.

Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006, og har med årets bok til saman gitt ut seks romanar. Ho har også skrive den fabelaktige essayboka Samtidsruinar.

Marit Eikemos bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018. I 2019 mottok ho Samlagsprisen. (Kjelde: Samlaget)

*

Boksal ved Norli Storgata 61 – og signering ved forfattaren etter arrangementet.
*
Inngang: 100 kr / Billettar via GD Billett.
Gratis inngang for ungdom under 20 år, studentar og frivillige for Norsk litteraturfestival og Litteraturhus Lillehammer.
Gratisbilletter må reserverast på GD Billett (10 kr/billettavgift).
Lærare m/skuleklasser kan ta kontakt med: leder@litteraturhuslillehammer.no
*
Fotokreditering: Agnete Brun