• Info
  • Galleri
  • Tagger
  • Kalender
  • Prosalong: Med berre nevane – Siri Helle og Eivind Falk

    Hjem  /  Arrangement  /  Denne siden
       tirsdag, august 25th, 2020
       7:00 pm

Prosalong: Med berre nevane – Siri Helle og Eivind Falk

Hjem  /  Arrangement  /  Denne siden

Prosalong: Med berre nevane – Siri Helle og Eivind Falk

Vi menneske har alltid brukt hendene våre til å skape verda rundt oss. Heilt fram til no. I dag har vi gått frå å vera praktikarar til teoretikarar, frå å vere produsentar til konsumentar. Kva skjer med oss når vi ikkje lenger brukar hendene? Kva skjer med samfunnet?

Siri Helle arva ei hytte på 25 kvadratmeter, utan straum og utan innlagt vatn, og utan utedo. Utedoen bestemte ho seg for å lage sjølv, litt som ein protest, men mest for å finne ut om ho kunne.

På vegen tilbake til sine eigne hender lét Siri Helle seg inspirere av andre menneske som på ulike måtar finn glede, meining og i nokre tilfelle levebrød i å skape med hender og kropp. Dette skriv ho om i boka Med berre nevane – eit forsvar for praktisk arbeid.

Det er ei historie om å bygge eit lite, men heilt nødvendig hus på eiga hand og kjenne ei intens meistringsglede over å gjere ting sjølv.  

Møt Siri Helle i samtale med Eivind Falk, spikkemeister og direktør for Norsk håndverksinstitutt.

Litteraturhus Lillehammer, tysdag 25. august kl. 19.00

Gratis inngang.

Av smittevernomsyn er det begrensa antall plassar, og vi ber om at du tingar gratisbillett på førehand via GD Billett. Om det er ledige plassar, kan du òg møte opp i døra, men da må du legge att namn og kontaktinfo.

*

Siri Helle er utdanna agronom i økologisk landbruk fra Sogn jord- og hagebruksskule, og arbeider som skribent og journalist – mellom anna i Dag og Tid –, og som snikkarassistent og geitebudeie. Ho har tidlegare gitt ut bøker om matproduksjon, jordbruk og forbrukarmakt: Matmakt på butikken, Handle rett og Skal landet gro att – korleis berge norsk landbruk. Ho er no aktuell med Med berre nevane – eit forsvar for praktisk arbeid, som har fått strålande mottaking.

Eivind Falk er direktør for Norsk håndverksinstitutt, Senter for immateriell kulturarv, på Lillehammer. Eivind Falk er forfattar av to bøker om spikking, mellom anna Den store spikkeboka (2019), og er òg teiknar og illustratør. Han har utdanning i bedriftsøkonomi så vel som i Folkekunst fra Høgskolen i Telemark.

*

Gravdahl bokhandel vil selje bøker, og forfattarane signerer.

Sjå også Facebook-oppslaget.

Vel møtt!

*

Foto: Frode Grimelid

Teksten er delvis henta frå Samlaget.

Arrangementet er støtta av NFFO – Norsk Faglitterær Forfatter- og oversetterforening, og er del av ein liten Mjøsa-turné der Helle òg kjem til Gjøvik bibliotek og litteraturhus onsdag 26. august.