• Info
  • Galleri
  • Tagger
  • Kalender
  • Sitt & lytt: Tyrkisk kveld

    Hjem  /  Arrangement  /  Denne siden
       mandag, mars 15th, 2021
       7:00 pm

Sitt & lytt: Tyrkisk kveld

Hjem  /  Arrangement  /  Denne siden

Sitt & lytt: Tyrkisk kveld med Gunvald Axner Ims

Vel møtt til tyrkisk kveld — på nynorsk!

 

I 2016 vart Ahmet Altan arrestert i Erdogans åtak på den frie pressa, og han sit framleis fengsla. I boka Eg får aldri sjå verda igjen skildrar han augneblinken då politiet kom og henta han tidleg ein morgon, rettssaka, dommen og livet i fengselet.

Felâtun bey og Râkım efendi kom ut i 2020, og er nyleg kåra til vinnar av Kritikarprisen for beste omsetjing. Faktisk var ho ei av tre nynorskbøker av ringsakingar nominerte til Kritikarprisen i år. Boka er eit av dei mest kjende verka til den folkekjære tyrkiske forfattaren Ahmet Mithat. Det er ein samtidsroman frå Det osmanske riket i 1875.

*

Gunvald Axner Ims har omsett begge bøkene frå tyrkisk til nynorsk og les høgt frå begge. Ims er doktor i tyrkiske språk frå Uppsala, og bur på Ringsaker.

Det er ei stor glede å få ønske han velkommen til Litteraturhus Lillehammer!

*

Etter eitt års korona-pause er høgtlesinga for vaksne tilbake. Strikk og lytt har blitt til Sitt og lytt, og alle er velkomne!

Sitt og lytt er eit samarbeidsprosjekt mellom Lillehammer mållag, Litteraturhus Lillehammer og Lillehammer bibliotek.

*

Namn og kontaktinfo registrerast i døra. Hald avstand til andre og hugs reine hender.

Sjå Facebook-oppslag og del gjerne ordet!

ARRANGERT AV LILLEHAMMER MÅLLAG I SAMARBEID MED LITTERATURHUS LILLEHAMMER & LILLEHAMMER BIBLIOTEK

Måndag 15. mars kl. 19.00

GRATIS INNGANG