• Info
  • Galleri
  • Tagger
  • Kalender
  • Kunsten å irritera seg over skrivefeil

    Hjem  /  Arrangement  /  Denne siden
       tirsdag, mai 11th, 2021
       7:00 pm

Kunsten å irritera seg over skrivefeil

Hjem  /  Arrangement  /  Denne siden

Kunsten å irritera seg over skrivefeil

Vel møtt til ei samtale om språk, psykologi og skrivefeil med Kristin Fridtun og Hilde Østby – tysdag 11. mai kl. 19.00.

Kristin Fridtun, foto: Lene Sørøy Neverdal
Hilde Østby, foto: forfatterhilde.com

 

«Nokre menneske blir svært opprørte når dei støyter på skrivefeil, medan andre tek det heilt med ro. Kvifor reagerer me så ulikt? Kva hender i hjernen når me støyter på skrivefeil? Har personlegdomen vår noko å seia for korleis me reagerer? Og korleis går me fram dersom me vil bli kvitt irritasjonen?

Språkvitar Kristin Fridtun har sett seg føre å svara på desse spørsmåla. Ho grev i faglitteraturen, dukkar ned i kommentarfelta, fretter ut irritable språkbrukarar og granskar irritasjonen frå ulike sider. Ho finn ut at personlegdom har ein del å seia, men at reaksjonsmønsteret vårt likevel ikkje er hogge i stein. Dei aller fleste av oss kan få bukt med skrivefeilirritasjonen, berre me går inn for det.» (Kjelde: Samlaget)

Kristin Fridtun frå Elverum er utdanna filolog, bur på Lillehammer og er forfattar på heiltid. Ho har skrive fleire bøker om språk, som Norsk etymologisk oppkok (2012), Nynorsk for dumskallar (2013) og Språket er ei bukse (2019). Fridtun vann Bokhandelens sakprosapris i 2016 og Språkprisen i 2019.

Hilde Østby er journalist, kulturhistorikar og forfattar. Hennar siste utgjeving er Mageboka (2021), og ho har òg skrive bøkene Å dykke etter sjøhester (2016), saman med søstera Ylva, og Kreativitet (2020) og romanen Leksikon om lengsel (2013). Bøkene hennar er omsett til 20 språk.

 

*

Onsdag 19. mai kl. 19.00 – på Litteraturhus Lillehammer

Gratis inngang. 

Norli Storgata 61 vil stå for boksal, og forfattaren signerer bak pleksiglas.

Sjå også Facebook-oppslag, og del gjerne ordet!

*

Smittevern:

Kom frisk, rene hender, hald avstand.

Namneregistrering er påkrevd av smittevernomsyn. Billetter er snart å få på GD Billett.
Ved ledige plassar er det mogleg å registrere navn/kontaktinfo ved inngang.
Med atterhald om endringar på kort varsel.
*

Velkommen!